Etter tallause invitasjonar frå klatremiljøet i Odda, var det på tide å teste veggen i Oddahallen. Ein heil bataljon møtte opp onsdag kl 18.30, men til ingen nytte. Odda skuffar. Stengt hall, og ingen klatrarar å sjå. Det var ingenting anna å gjere enn å køyre til Kinsarvik.
Det vart til slutt ei svært bra klatreøkt. Nykomlingen i klatregruppa, Gisle "Quizmaster" Haukelidsæter, markerte seg allereie under oppvarminga med ein nokså aggressiv stil. Olav "Longarm" Bleie gjorde eit fint comeback, og Steinar "Strongman" Lund viste heldigvis betre takter enn forrige trening. Stavangen hadde som vanleg ingen grunn til å føle statusen som den beste klatraren i gruppa trua. Formen er verkeleg stigande, og me begynnar å bli klar til utesesongen!
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar