torsdag 14. januar 2010

Ymse

Klatrarlaget har trening måndag 19-21 i gymsalen i Kinsarvik skule, når det er vær til det, klatrar me ute. Me driv å pussar eit buldrefelt i Flogebakken ca ein kilometer utanfor Kinsarvik, mot Eidfjord.
Alle er velkomne som medlemmer, det kostar 50 kr for enkeltmedlem og 100 kr for familie pr år, eller 20 kr for ei enkelt økt inne, me har klatresko til utlån.
Klatreførar er under planlegging og vil vera ferdig i løpet av våren.

Ymse aktivitetar medlemmene har delteke i.




Endeleg blogg.








No har me endeleg fått fingeren ut og fått i gang ein blogg, seinare kjem det forhåpentlegvis ei skikkeleg heimeside til klatrarlaget. Legg fyrst ut nokre bilete frå buldreveggen og buldrefeltet i flogebakken.
Arvid