onsdag 6. oktober 2010

Treningstider

Nye treningstider: Tysdag 19-21, viss dette passer dårleg for mange må me prøva å byta dag.

mandag 10. mai 2010

kan ikkje sjå å ha mottatt.....

Oppfordrar herved alle som har vore med på klatrarlaget sine treningar om å betale kontigenten for 2010:

Enkeltperson, pr år : 50 kr
Familie , pr år: 100 kr

ei enkelt økt inne : 20 kr

kontonr: 3450.3603650

Med ynskje om veksande medlemsmasse og fortsatt gode treningar,

Styret

mandag 26. april 2010

Bra trening!

8 stk på trening, og bra klatring av alle. Tydelig at vinterens trening er i ferd med å gje resultat, omtrent alle presterte årsbeste! Første sekser på terningen i år..

søndag 25. april 2010

Klatrarlaget på Facebook

Det er oppretta ei gruppe for klatrarlaget på facebook. Det er kanskje litt enklare å spre info om aktivitetar der enn på denne bloggen?


http://www.facebook.com/group.php?gid=119874431361363


torsdag 22. april 2010

Fantastisk i Tyssedal!




Fem flotte problem vart etablert i går, både sva og kraftig overheng:-)

fredag 16. april 2010

mandag 12. april 2010

kor i all verden vart det av klatre eliten idag???

har eg gått glipp av noko etter påska????

tirsdag 23. mars 2010

God innsats, fire pluss.


Bra innsats frå alle i går, Flatland og Knutsen klatra hardt i bratthenget for å få eit godt grunnlag til me byrjar ute. Mr benkpress klarte slutten av stjerne, neste vert å ta heile i eit støyt! Vestsidingane møtte som vanleg manns og kvinnesterke opp, no må me betra rekruteringa på austsida!
Etter påske byrjar med ute når det er vær til det, er det regn fortset me inne.
Me satsar på ein tur til Sotra i løpet av våren, kanskje fellestur med klatrarane frå Eidfjord, før den tid burde me hatt ei økt med tauklatring feks i Øvre Eidfjord, for å kurse dei som ikkje har dreve med dette før.

onsdag 17. mars 2010

Måbødalen




Her er to bilete frå Måbødalen. Slett ingen dårleg plass å buldre det! Bileta er frå 21. april i 2008. Det nærmar seg utesesong.. :-)

tirsdag 16. mars 2010

Slapp trening (terningkast 3), i snitt vel å merke. Nokre hadde betre innsats enn andre. Og stort sett var attituden god. På biletet ser vi Flatlanden boltre seg i det vertikale element. 800 meter lenger nede ligg det heldigvis ei madrass i tilfelle ein skulle skli. Biletet er frå ein tur i Flogebakken i Kinsarvik ein ettermiddag i vinter.

tirsdag 9. mars 2010

Solid trening!


Klar femmer på alle som deltok på treninga i går, god innsats og flotte prestasjonar. Hellevang cruisa opp smiley allereie under oppvarminga, Flatland det same, Geiren var også tilbake etter skade og klarte seg veldig bra med to fingrar. Vestsidingane var i fleirtal og innsatsen der var det heller ikkje noko å klage på. Nivået blir stadig høgare. Det blir spennande å sjå korleis prestasjonane blir i Flogebakken (bildet) om ein månads tid...
Arvid, du hadde havna i useriøs eposten :)
kor i all verden blir det av terningskastet ???

mandag 8. mars 2010

Flogebakken blir stadig betre!


Hellevang og Stavang rydda skog i Flogebakken forrige veke og resultatet vart mange nye potensielle bulder, betre landingar og betra framkomst. No er det berre å vente på våren...

torsdag 4. mars 2010

Bomtur rundt fjorden (terningkast 4 pluss)

Etter tallause invitasjonar frå klatremiljøet i Odda, var det på tide å teste veggen i Oddahallen. Ein heil bataljon møtte opp onsdag kl 18.30, men til ingen nytte. Odda skuffar. Stengt hall, og ingen klatrarar å sjå. Det var ingenting anna å gjere enn å køyre til Kinsarvik.

Det vart til slutt ei svært bra klatreøkt. Nykomlingen i klatregruppa, Gisle "Quizmaster" Haukelidsæter, markerte seg allereie under oppvarminga med ein nokså aggressiv stil. Olav "Longarm" Bleie gjorde eit fint comeback, og Steinar "Strongman" Lund viste heldigvis betre takter enn forrige trening. Stavangen hadde som vanleg ingen grunn til å føle statusen som den beste klatraren i gruppa trua. Formen er verkeleg stigande, og me begynnar å bli klar til utesesongen!

mandag 1. mars 2010

Terningkast 4 (minus) !

Ei heilt grei klatreøkt som var meir positiv enn negativ. Steinar "Strongman" Lund fekk gått to av dei nye problema og jobba vidare på eit par andre. Panser Arvid gjekk "smiley" i god stil, og fekk jobba med fleire andre. Var og særs treffsikker framfor basketkorga. Stavangen skjerpa seg litt i forhold til forrige økt, og trass lett handleddsskade fekk han kara seg til topps på fleire problem. Jentuten var savna, men kjem antakeleg tilbake med kake måndag.

tirsdag 23. februar 2010

Terningskast 3

I tråd med leiinga sine ynskje om å få fram klatrarar av høg klasse har det no blitt bestemt at kvar trening skal gjevast karakter. Dette skal bidra til at kvart medlem stiller på trening høgt motivert for å oppnå best mogleg poengsum.
Gårsdagens trening var midt på treet. Nokre gode prestasjonar vart observert, men generelt var innsatsen noko låg. Nye problem er komne opp og det viste seg at desse var vanskelege å toppe ut. Sigrid Flatland utmerka seg med å flashe det eine problemet. Arvid Hellevang var og nære på eit par problem. Iren Lunde imponerte på oppvarminga. Stavang JA var generelt noko daff.
Dom: Terningkast 3 (-).

torsdag 14. januar 2010

Ymse

Klatrarlaget har trening måndag 19-21 i gymsalen i Kinsarvik skule, når det er vær til det, klatrar me ute. Me driv å pussar eit buldrefelt i Flogebakken ca ein kilometer utanfor Kinsarvik, mot Eidfjord.
Alle er velkomne som medlemmer, det kostar 50 kr for enkeltmedlem og 100 kr for familie pr år, eller 20 kr for ei enkelt økt inne, me har klatresko til utlån.
Klatreførar er under planlegging og vil vera ferdig i løpet av våren.

Ymse aktivitetar medlemmene har delteke i.




Endeleg blogg.








No har me endeleg fått fingeren ut og fått i gang ein blogg, seinare kjem det forhåpentlegvis ei skikkeleg heimeside til klatrarlaget. Legg fyrst ut nokre bilete frå buldreveggen og buldrefeltet i flogebakken.
Arvid