I tråd med leiinga sine ynskje om å få fram klatrarar av høg klasse har det no blitt bestemt at kvar trening skal gjevast karakter. Dette skal bidra til at kvart medlem stiller på trening høgt motivert for å oppnå best mogleg poengsum.
Gårsdagens trening var midt på treet. Nokre gode prestasjonar vart observert, men generelt var innsatsen noko låg. Nye problem er komne opp og det viste seg at desse var vanskelege å toppe ut. Sigrid Flatland utmerka seg med å flashe det eine problemet. Arvid Hellevang var og nære på eit par problem. Iren Lunde imponerte på oppvarminga. Stavang JA var generelt noko daff.
Dom: Terningkast 3 (-).
tirsdag 23. februar 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
kjære klatrevener!fatt mot - problem vert mindre om ein klarar å halde inne magen - prøv det:)
SvarSlett